Toppbilde

Svolten og tyst?

untitled

Velkomen til Kafé Valdres, i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum.   Vi tek hand om all servering under Sol av Isfolket, både inneandørs og utandørs, før, etter og i pausa. Vi er matentusiastar og nyttar lokale råvarar så langt det let seg gjere. Bær plukkar vi i hagen på Kvie og når museumsgrisen får det stellet den treng, kan vi ikkje gjere anna enn å glede oss til juleskinka. 

Baronesse Maiden sitt storslagne gjestebod.

Start teaterkvelden med ei god smaksoppleving, eit gjestebod med alle sorter og alle smaker, kva er meir freistande en Charlotte Meiden si jordbærterte, Tengel den Gode sin einebærgrava ørret eller Silje sin liflege grønsakspai. Her er både noko for ein kvar og noko å drikke attåt.

Vårt kafelokale med den flottaste utsikta på Fagernes legg godt til rette for den store matopplevinga.

Servering ved uteamfiet

Ute på museumsområdet vil det og vera mogleg å kjøpe seg noko å bite i. Tradisjonsrik bondekost, kaffemat og drikkevarer finst i kiosken på Slidrehusplassen. Kiosken er open før og under framsyningane. Under pausa vil det i tillegg vera sal av mat og drikke frå bodane på Slidrehusplassen.

For nærmare informasjon om mattilbodet under Sol av Isfolket og førehandsbestillingar:

Kontakt: Stein eller Hanne                                                                                                                                      Tlf: 61 35 99 20 Mob: 907 22 280