Toppbilde

På museet

Valdresmusea

- Gamal møtestad for moderne menneskje

Sol av Isfolket blir sett opp på ei utandørs amfiscene ned mot fjorden på Valdres Folkemuseum. Valdres Folkemuseum ligg vakkert til på ei halvøy i Strandefjorden. På det 122 mål store området finn du 95 hus og anlegg i eit variert kulturlandskap. I det nyreiste velkomstbygget har ein alle fasilitetar. Valdres Folkemuseum er ein unik arena for stemningsfylte teateropplevingar.

Det er Valdresmusea AS som står bak Sol av Isfolket. Valdresmusea AS er driftsselskapet for Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdres Folkemuseum er administrasjonssenteret for desse musea og regionmuseet i Valdres. Det er dei seks kommunane Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal som eig Valdresmusea AS.

Valdres Folkemuseum vart stifta i 1901 og er eit av dei største friluftsmusea i landet. Museet er ein naturleg møtestad for folk som søkjer opplevingar og kunnskap om fortid og notid. Her finn du det eldste folkemusikkarkivet i landet, ein instrumentverkstad og Bunad- og folkedraktrådet. Kvart år er Valdres Folkemuseum vertskap for store kulturarrangement, mellom anna Jørn Hilme-stemnet.

Museet har sidan 2004 arbeidd for å realisere ideen om eit friluftsteater, og sette tidleg ned eit produksjonsstyre. Sol av Isfolket er ein omfattande produksjon, både praktisk, kunstnarisk og økonomisk. Difor har Valdresmusea AS skilt ut prosjektet som eige aksjeselskap, Isfolket AS.