
Nythun Høyfjellstue ligg 900 m.o.h., og staden ligg lunt til i ei rolig og fin setergrend. Staden egnar seg for tur- og matglade menneske i tillegg til kurs, konferanser, brylluper og feiring av andre begivenheiter. Marit og Jørn driv Nythun Høyfjellstue i andre generasjon i Nythun sin 60-årige tradisjon med gjestfriheit og god heimelaga mat i høgsetet. Begge har ei kokkekarriere bak seg, og overtok livsverket til Marit sine foreldre i 1994. Nythun Høyfjellstue har no vorte deire livsoppgåve og dei har fordobla og modernisert bygningsmassa sidan dei overtok. Nythun er både med sin størrelse og beliggenheit eit glimrande alternativ til storhotella, og vart i år pryda med Twinings hedersbevisning for sin frukost. Velkomne!
Kontakt: Tlf (+47) 61 35 79 30