

I skjæringspunktet mellom folkemusikk, folkedans og forteljartradisjon har Sol av Isfolket opna nye dører for norsk teater. Samarbeidet mellom musikaren og komponisten Marit Karlberg og regissøren Leif Stinnerbom har resultert i eit vakkert kunstuttrykk, eineståande i Norden, og med sterke band til austlege teatertradisjonar.
Stinnerbom har gjort seg kjent ved å nytte folkemusikk i sine teateroppsetjingar. - Musikken er det berande elementet. Den er pulsen som slår og som skal gje liv til handlinga, seier han. Stinnerbom har sjølv sterke røter i svensk folkemusikk og folkedans, og er kjend for å gripe fatt i det djuptliggande uttrykkspotensialet i den folkelege kulturen.

Folkemusikk er det berande uttrykket, også i Sol av Isfolket.
Her møter vi dei gamle instrumenta hardingfele, seljefløyte,
sekkepipe, munnharpe, bukkehorn, lur, tromme, trøorgel, harpe,
lyre, gitar - og stemma. Musikarane er av dei fremste i
landet; Jan Beitohaugen Granli er fem gonger Noregsmeister på
hardingfele!
No har musikken kome på plate! Musikarane er i tillegg til
Beitohaugen Granli, Marit Karlberg (song), Rune Glimsdal (orgel og
perkusjon), Stein Villa (strengeinstrument og fløyte), Eilif
Gundersen (bukkehorn, seljefløyte, lur og tamburin) - og Margit
Sandemo, som les forordet på plata. Musikken er komponert av Marit
Karlberg, tekstane er skrevne av Eldgrim Springgard. Cd-en kan
kjøpast i butikken på Valdres Folkemuseum.