
Siesta kafè på Fagernes. Ein solid kafè på åttitalet. Hit kom
damer med hatt og småbarnsfamiliar for å fortære napoleonskaker og
marvpostei. Lite visste dei om at kafeen var invadert av demonar,
djevlar og dampande begjær.
For her sat Margit Sandemo dag etter dag med skrivemaskina og
kaffekoppen og skapte litterær norgeshistorie. Mellom tørre
wienerbrød og lunka traktekaffe mante ho fram ei verd av svart magi
og brennande kjærleik. Og utanfor vaks feberen. Den breidde seg
over heile landet, herja bygd og by og invaderte nabolanda. Heilt
til Polen, Ungarn og Russland nådde Isfolk-feberen. Og enno har
ingen funne ein kur.
Framleis er Margit Sandemo den bestseljande forfattaren i Norden.
Over 36 millionar bøker har ho selt, og suksessen er enno ikkje
over. Sagaen om Isfolket skal no ut på den engelske marknaden, meir
enn 25 år etter at serien vart til.
Margit Sandemo er halvt valdris, og sjølv om ho for tida bur i
Sverige, vil ho alltid vera dalen si store dotter. I ein alder av
87 år, er Margit framleis ein produktiv forfattar og sjølvaste
dronninga av underhaldningslitteratur i Norden.