

Eg dansar, Hanna, dansar dansen din
For ser du, Hanna, ser du månen skin
Sol av Isfolket er historia om ungjenta Sol og hennar dramatiske
liv. Ho er ætling etter den vonde Tengel som ein gong selde sjela
si til Satan. Han vart sikra jordisk vinning mot at minst ein i
kvart ætteledd skulle få trolldomskrefter og gå i tenest hjå Satan.
Sidan den gongen har Isfolket levd eit einsamt liv, hata og frykta
av omverda. Heilt til inkvisisjonen tek jarngrep og set landet i
brann med heksebål.
I Isfolket sin bortgøymde dal er ingen lenger trygge. Heming
fogdedreparen bergar livet ved å tyste på sitt eige folk og sender
soldatar dit for å brenne ned heile dalen. Berre ein familie slepp
frå det i live.
Den gode Tengel er fødd med trolldomskreftene, men kjempar ein hard
kamp mot det vonde. Saman med kona Silje og dei tre borna Sol, Liv
og Dag, rømer dei frå dalen og finn seg ein ny heim lenger sør i
landet. Dei byrjar eit nytt liv, men frykta er alltid med dei. Sol
kjenner tidleg at ho har krafta og dragninga mot dei mørke sidene
av livet. Samstundes kjempar ho med nebb og klør for familien sin.
Saknet etter den gamle trollkvinna Hanna, som vart drepen av fogden
sine soldatar, fylgjer henne som ein skugge. Dette driv henne til å
søke hemn over han som overga Isfolket til fogden sine menn.
Og Sol søkjer kjærleiken. Ikkje den tamme, menneskelege kjærleiken,
men den store, ville og mørke kjærleiken som berre ein mann kan gje
henne; Mørkets fyrste.
På sabbatsnatta vil eg danse, Hanna
Og meistaren skal kysse meg på panna