Toppbilde

Om teateret

_MG_8099

Sol av Isfolket- møte mellom amatørar og profesjonelle- publikumsuksess og kritikarrost

Friluftteateret er tufta på både profesjonalitet og frivilligheit, i produksjonen vert det nytta ei blanding mellom amatørarog profesjonelle aktørar. Dei profesjonelle teaterfolka er henta blandt dei beste i Norden, men produksjonen har ei sterk forankring i dei frivillige danse- og teatermiljøa i Valdres. Tett oppunder 40 frivillige amatørar står på scena kvarsumar saman med 5 profesjonelle skodespelarar, 2 profesjonelle dansarar og 5 profesjonelle musikarar. Bak scena er eit yrande liv, med innleigd regissør, kostymedesignar, koreograf, scenograf, maskør, maskemakar, skreddar, produsent, inspisient, lydfolk og lysfolk. Alle desse delar ikkje berre sumaren sin, men og all si kunnskap og erfaring med alle dei frivillige i nemdstrukturane. Timesvis av frivillige arbeidstimar vert lagt ned i matnemda, påkledernemda, kostymenemda, barnenemnda, trivselsnemda, vaktnemda og ikkje minst teknisknemd.Dei frivillige utgjer til saman langt over 150 personar kvart år. Så langt er det lagt ned langt over 18 000 frivillige arbeidstimar i Sol av Isfolket.