
Utan frivillige blir det ikkje teater. Som frivillig for Sol av Isfolket arbeider du under mottoet: "Det er vi som er Isfolket". I tillegg til gratisbillett til framsyninga, mat og ei frivillig-skjorte, får du også vera del av eit flott fellesskap. Vi har oppretta eit nemndssystem med ulike ansvarsområde. Dette er arbeidsnemndene i 2010:
| Vakt: | Går vakt under framsyningane, ansvar for rydding, trivsel og vakthald på området. |
| Mat: | Syrgjer for mat til scenefolket heile øvingsperioden og under framsyningane. |
| Barn: | Isfolket har 15 barn på scenen som treng ekstra oppfølging. I prøveperioden ettersyn med mat, aktivitetar ol. I spelperioden hjelp til sminking, tidsskjema, kostyme, mat mm. |
| Pynt: | Arenaen på og rundt Valdres Folkemuseum må pyntast i forkant og haldast rein og ryddig undervegs. Ei nemnd for deg med estetisk sans og god orden. |
| Teknisk: | Opprigg, nedrigg, køyring, snekring; ei nemnd for deg som er praktisk og nevenyttig. |
| Kostyme: | I fjor sydde frivillige 170 teaterkostyme til skodespelarane i Sol av Isfolket. Vi treng nye kostyme også i år. Vi treng folk til å reparere kostyme undervegs og påkledarar i telta bak scenen. |
| Scene: | Til arbeidet med scene og rekvisita søkjer vi ein ryddig og strukturert person. Arbeidet medfører større og mindre reperasjonar undervegs. |
| Sal: | Er du ein flink kremar, så treng vi deg bak disken i pausene. Her sel vi mat, drikke og ulike produkt. |
Kontakt Anne-Marte Før eller Gyda Grøndalen Hoffmann:
anne.marte.for@isfolket.no
gyda.grondalen.hoffmann@valdres.museum.no