Toppbilde

Losji og transport


Isfolkhotellet på Fagernes

Her kan du bu komfortabelt under heile spelveka. Quality Hotel & Resort Fagernes ligg i gåavstand til Valdres Folkemuseum. For meir informasjon og bestilling: Tlf: 61 35 80 00, fagernes@choice.nowww.fagernes-hotel.no


Isfolkhotella på Beitostølen

Oppunder Jotunheimen kan du finne tilbod for heile familien, heile året. Radisson BLU og Bergo Hotel  Rica Partner har pakker som inkluderer overnatting, mat og billett til Sol av Isfolket. Valdresekspressen har fleire daglege avgangar frå Beitostølen. For meir informasjon og bestilling: Tlf 61 35 30 00, www.beitostolen.com


Gomobu Fjellstue på Vaset

På Vaset ligg Gomobu Fjellstue. Her har du flott turterreng rett utanfor døra, sommar som vinter. Vegen er kort til Grunke, fjelldalen der Margit Sandemo henta inspirasjon då ho skapte Sagaen om Isfolket. Gomobu sel pakker som inkluderer overnatting, mat og billett til Sol av Isfolket. For meir informasjon og bestilling: Tlf: 61 35 77 10, www.gomobu.no


Overnatting på støl?

Valdres har ein unik og levande tradisjon for støling. Her kan du enno vakne ein tidleg morgon på fjellet av geitebjølle og kyr-raut. I samarbeid med dei driftigaste budeiene, kan vi anbefale eit opphald i Valdres-fjella. Her kan du vera med på fjøsstell, ysting og baking. Du kan høyre folkemusikk og gode historier, eller du kan nyte stillheita heilt åleine. For meir informasjon: www.valdres.no, www.stolslivet.no


Transport

AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB) er Sol av Isfolket sin samarbeidspartnar på transportsida. JVB har faste avgangar til og frå Fagernes i heile spelperioden. På heimesida til JVB finn du oversikt over rutetilbodet, sjå www.jvb.no.