
Valdresmusea AS er driftsselskapet for Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdres Folkemuseum er administrasjonssenteret for desse musea og regionmuseet i Valdres. Det er dei seks kommunane Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal som eig Valdresmusea AS.
Valdres Folkemuseum vart stifta i 1901 og er eit av dei største friluftsmusea i landet. Museet er ein naturleg møtestad for folk som søkjer opplevingar og kunnskap om fortid og notid. Her finn du det eldste folkemusikkarkivet i landet, ein instrumentverkstad og Bunad- og folkedraktrådet. Kvart år er Valdres Folkemuseum vertskap for store kulturarrangement, mellom anna Jørn Hilme-stemnet. Valdres Folkemuseum ligg vakkert til på ei halvøy i Strandefjorden. På det 122 mål store området finn du 95 hus og anlegg i eit variert kulturlandskap.
Sol av Isfolket blir sett opp på ein utandørs amfiscene ned mot fjorden. Publikumskapasiteten er på 650. Det er Valdresmusea AS som står bak Sol av Isfolket. Museet har sidan 2004 arbeidd for å realisere ideen om eit friluftsteater, og sette tidleg ned eit produksjonsstyre. Sol av Isfolket er ein omfattande produksjon, både praktisk, kunstnarisk og økonomisk. Difor har Valdresmusea AS skilt ut prosjektet som eige aksjeselskap, Isfolket AS.
”Høyr Sol! Gløym aldri det vi snakka om.
Ein gong i måneskin ei torsdagsnatt.
Ved Brösarps backar vil du finne dei”
Frå gamalt av var fullmånenetter som fall på torsdagar i ei særstilling. Det var i slike netter krafta i urtene var sterkast. Og det var i slike netter at heksene flaug til Bloksberg. 16. og 22 juli er det fullmåne, og når klokka slår midnatt, startar reisa i lag med Sol av Isfolket. Vi garanterer deg ein uforgløymeleg tur til Bloksberg og attende!