

Eg dansar, Hanna, dansar dansen din
For ser du, Hanna, ser du månen skin
Sol av Isfolket er historia om ungjenta Sol og hennar dramatiske liv. Ho er ætling etter den vonde Tengel som ein gong selde sjela si til Satan. Han vart sikra jordisk vinning mot at minst ein i kvart ætteledd skulle få trolldomskrefter og gå i tenest hjå Satan. Sidan den gongen har Isfolket levd eit einsamt liv, hata og frykta av omverda. Heilt til inkvisisjonen tek jarngrep og set landet i brann med heksebål.
I Isfolket sin bortgøymde dal er ingen lenger trygge. Heming fogdedreparen bergar livet ved å tyste på sitt eige folk og sender soldatar dit for å brenne ned heile dalen. Berre ein familie slepp frå det i live.
Den gode Tengel er fødd med trolldomskreftene, men kjempar ein hard kamp mot det vonde. Saman med kona Silje og dei tre borna Sol, Liv og Dag, rømer dei frå dalen og finn seg ein ny heim lenger sør i landet. Dei byrjar eit nytt liv, men frykta er alltid med dei. Sol kjenner tidleg at ho har krafta og dragninga mot dei mørke sidene av livet. Samstundes kjempar ho med nebb og klør for familien sin. Saknet etter den gamle trollkvinna Hanna, som vart drepen av fogden sine soldatar, fylgjer henne som ein skugge. Dette driv henne til å søke hemn over han som overga Isfolket til fogden sine menn.
Og Sol søkjer kjærleiken. Ikkje den tamme, menneskelege kjærleiken, men den store, ville og mørke kjærleiken som berre ein mann kan gje henne; Mørkets fyrste.
På sabbatsnatta vil eg danse, Hanna
Og meistaren skal kysse meg på panna
Siesta kafè på Fagernes. Ein solid kafè på åttitalet. Hit kom damer med hatt og småbarnsfamiliar for å fortære napoleonskaker og marvpostei. Lite visste dei om at kafeen var invadert av demonar, djevlar og dampande begjær.
For her sat Margit Sandemo dag etter dag med skrivemaskina og kaffekoppen og skapte litterær norgeshistorie. Mellom tørre wienerbrød og lunka traktekaffe mante ho fram ei verd av svart magi og brennande kjærleik. Og utanfor vaks feberen. Den breidde seg over heile landet, herja bygd og by og invaderte nabolanda. Heilt til Polen, Ungarn og Russland nådde Isfolk-feberen. Og enno har ingen funne ein kur.
Framleis er Margit Sandemo den bestseljande forfattaren i Norden. Over 36 millionar bøker har ho selt, og suksessen er enno ikkje over. Sagaen om Isfolket skal no ut på den engelske marknaden, meir enn 25 år etter at serien vart til.
Margit Sandemo er halvt valdris, og sjølv om ho for tida bur i Sverige, vil ho alltid vera dalen si store dotter. I ein alder av 83 år, er Margit framleis ein produktiv forfattar og sjølvaste dronninga av underhaldningslitteratur i Norden.