
Start teaterkvelden med ei god smaksoppleving, eit gjestebod med alle sorter og alle smaker, kva er meir freistande en Charlotte Meiden si jordbærterte, Tengel den Gode sin einebærgrava ørret eller Silje sin liflege grønsakspai. Her er både noko for ein kvar og noko å drikke attåt.
Publisert 22/07/2010
Velkomen til Kafé Valdres, i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Vi tek hand om all servering under Sol av Isfolket, både inneandørs og utandørs, før, etter og i pausa. Vi er matentusiastar og nyttar lokale råvarar så langt det let seg gjere. Bær plukkar vi i hagen på Kvie og når museumsgrisen får det stellet den treng, kan vi ikkje gjere anna enn å glede oss til juleskinka.
Vårt kafelokale med den flottaste utsikta på Fagernes legg godt til rette for den store matopplevinga.
Kontakt: Stein eller Hanne Tlf: 61 35 99 20 Mob: 907 22 280