
Publisert 03/03/2010
Kvart år opnar det seg nye roller for glade amatørskodespelarar. Mellom anna trengs det adelsdamer, knektar, isfolk-barn, demonar og prestar. Dansarar med kjennskap til valdresspringar og hallingdans er særleg oppmoda om å stille til audition, då dansen er ein viktig del av det sceniske uttrykket.
I 2010 vil framsyningane gå i perioden 15.-25. juli. Øvingsperioden vil starte 1. juli. Rollene er ikkje løna, men teateret dekkjer kjørekostnader. Elles lovar Isfolket AS uforgløymelege opplevingar i eit godt miljø med profesjonelle rammer. Audition blir i Valdres Næringshage 27.-28. mars. Interesserte blir bede om å melde seg på førehand.
Kontakt oss på epost: anne.marte.for@isfolket.no, gyda.grondalen.hoffmann@valdres.museum.no eller post@isfolket.no