
Publisert 21/04/2009
I Skåne, like ved Brösarps Backar, bur Margit Sandemo. Torsdag 23. april blir ho 85 år, ein dag som skal feirast med brask og bram på den lokale restauranten i havgapet. Her kjem Margit og dottera Tove kvar dag og et eit måltid. På klare dagar ser dei rett over til Bornholm.
For nokre år sidan budde dei i Valdres, men dei snøtunge vintrane med måking og gauper og glatte vegar vart etterkvart i overkant, og dei let seg lokke av milde vintrar, stokkroser og kyst-idyll.Om sommaren lokkar likevel røtene i Valdres, hytta i Grunke og kanskje friluftsteateret Sol av Isfolket på Valdres Folkemuseum. Vi legg ut eit bilete frå premieren i 2008, og håpar å sjå Margit Sandemo att blant publikum i 2009.Vi seier hjarteleg til lykke med dei 85, og ynskjer Margit mange produktive, glade år!